Ny mann på stemnekontoret

Ny mann på stemnekontoret

Etter mange år i utanriksfart er det no den heimflutta honndølen Torbjørn Bjoraa som he teke over kommandoen på stemnekontoret, tilhøyrande Naturligvis / Landbrukets Dag.

Han har enno ikkje vorte heilt "varm i trøya" men held i desse dagar på med å setje seg inn i både store og små detaljar i samband med den komande messa, Naturligvis 2018.
Bjoraa vil ikkje vere tilstades på kontoret kvar dag, men øvst på sida her finn du telefonnummer og postadresse. Er det likevel noko du lurer på så skal du så visst ikkje vere redd for å take kontakt.
Det fyrste som no stend på køyreplanen er å kontakte både nye - og tidlegare utstillarar, og samstundes leggje ut lett tilgjengeleg , og lett skjøneleg  påmeldingsskjema.
Arbeidet er i full gang - og du kan alt no glede deg til ei fantastisk mat og landbruksmesse. Ein folkefest. Ei messe, truleg betre enn nokon gong.