- Heilt klart den viktigaste messa for oss

- Heilt klart den viktigaste messa for oss

Hjå Aase Maskin as på Hægeland er dei storvegs nøgde med deltakinga på Naturligvis

Avdelingsleiaren, den røynde maskinseljaren Thor Olav Reiersdal, nøler ikkje eit einaste sekund når han fær spørsmål om korleis han er nøgd med landbruksmessa Naturligvis på Evjemoen.
- Dette er utan atterhald den beste, og viktigaste, messa som me er med på i løpet av kalenderåret.
Ikkje berre er det ein viktig fagleg og sosial møteplass - dette er og ein stad kor me er svært nøgd med salget.
Me sel m.a. godt med tradisjonelle traktorreiskap - og ikkje minst så sel me utruleg mange terrenggåande motorkøyretøy av ulike slag.Dette har såleis vorte ei særs viktig varegruppe for oss.
Messa er godt organisert - og stemneplassen er framifrå. Sjølvsagt er det einskilde ting, små detaljar, me ynskjer å endre på - men dette tek me opp med arrangøren når den tid kjem.
Me kjem garantert attende. Me gler oss til Naturligvis 2018.