Byggjer vidare på eit solid fundament

Byggjer vidare på eit solid fundament

Han er full av gode ord - og med ei urokkeleg tru på ei fantastisk landbruksmesse på Evjemoen i august månad. Mjølkebonden Torbjørn Helle, frå Konsmo, er som tidlegare omtala ny styreleiar i Landbrukets Dag SA, og med det sit han og med hovudansvaret for mat - og lanbdbruksmessa "Naturligvis" i 2018

- Gjennom mange år er det lagt ned eit fantastisk arbeid med å byggje opp denne messa til å verte eit utstillingsvindaug for heile landbruk...snæringa på Agder.
For meg er det ein tryggleik å kunne byggje vidare på eit solid fundament - ein stødig grunnmur som så avgjort tåler nye utfordringer og nye påbygg.
Helle er særs nøgd med den nytilsette prosjektleiaren, Torbjørn Bjoraa, frå Hornnes.
Her har me funne ein kar som utan atterhald kan styre denne organisasjonen mot nye høgder. Ein framifrå gut som tykkjest ha full kontroll på alle ledd av verksemda, sjølv etter kort tid i sjefsstolen.
Påmeldinger av nye - og tidlegare utstillarar strøymer no inn til hovudkontoret i eit tempo ein knapt he sett maken til tidlegare.

"Naturligvis" har etter kvart vorte eit merkenamn, eit merkenamn med positivt forteikn, for både utstillarar og publikum frå heile Sørlandet.
- No er det nye styret på plass, prosjektleiaren er som sagt i full sving - og nye idear og nye tankar kjem på bordet omtrent kvar einaste dag. Ein positiv gjeng. Fagfolk med lang røynsle frå både landbruket og organisasjonslivet. Ein gjeng som garantert vil få det til å svinge dugeleg på grasvollen inne på Evjemoen i dagane 17. - 19. august.
Styreleiaren smilar lurt.
- Detta vert himlande moro. Garantert.

(foto: øystein moi )

Naturligvis er en årlig møteplass for mennesker fra bygd og by, og en stormønstring av landbruk, bygdekultur og opplevelser på Agder. Arrangementet har siden 2004 vært arrangert på Evje, nærmere bestemt på Evjemoen.Her står landbruk, lokal mat og gode opplevelser i sentrum. God mat, lokal mat - og det gode måltidet blir en stadig viktigere del av messen. Mange lokale produsenter byr fram sine varer for salg - og arrangøren har et stort mattelt hvor det serveres varme og kalde retter fra øverste hylle.
Ikke minst er det en stor maskinutstilling for deg med egen gård eller hage - med behov for å kunne kjøpe og se siste nytt. Vi har en rekke aktiviteter for barn som f.eks.  kokkekurs og snekring av fuglekasser.
Naturligvis, på Evjemoen, er en folkefest på mer enn en måte. En folkefest for store og små. By og land - hand i hand. Naturligvis.